Universitetet i Bergen - MuséhagenUniversitetsbiblioteketMuséhagen
Institutt for fremmedspråk

 

Spansk språk og latinamerikastudium

Fagkoordinator:
Annette Myre Jørgensen

Studierettleiar:
Ingunn Voster

Spansk er det dominerande språket i Latinamerika og vert tala av nær 400 millionar menneske i 21 land. Faget spansk språk og latinamerikastudium er både eit språkstudium og eit områdestudium. Vi studerer språk, litteratur og kulturkunnskap frå dei spanskspråklege landa i Latinamerika. Ein deler gjerne inn Latinamerika i ulike område og regionar: Mexico, Mellomamerika, Karibia og Søramerika. Det spansktalande Amerika er i dag eit område i endring og utvikling. Norge si interesse for området og tendensane til tettare samarbeid, både økonomisk, bistandsmessig og kulturelt, vil gjere etterspurnaden etter norsk latinamerikakompetanse sterkare i åra som kjem. For å kunne byrje på 100-nivå, må du ha forkunnskapar som svarer til B- eller C-språk frå vidaregåande skule.

Dersom du ønskjer ein pekepinn på kva for eit nivå du ligg på før du tar til å studere spansk, kan du ta ein uhøytideleg diagnostisk test.

For studietilbod, sjå Studentportalen

 

Universitetet i Bergens emblem uglen Institutt for framandspråk, Universitetet i Bergen © 2007