Universitetet i Bergen - MuséhagenUniversitetsbiblioteketMuséhagen
Institutt for fremmedspråk

 

Russisk

Fagkoordinator:
Lillian Jorunn Helle

Studierettleiar:
Tove Rosén Sæthre

Russisk er det største språket i Europa med over 150 millionar morsmålbrukarar og i tillegg første framandspråk for ytterlegere over 100 millionar i det tidlegare Sovjetunionen. Det er eit av dei største verdsspråka og eit av dei seks offisielle språk i FN. Russisk er eit indoeuropeisk språk som tilhøyrer den slaviske språkfamilien. Slaviske språk kan delast inn i tre: aust-, vest- og sørslavisk. I selskap med kviterussisk og ukrainsk dannar russisk undergruppa østslaviske språk. Russisk kultur, og særleg litteratur, utgjer ein viktig del av den felleseuropeiske kulturarven. Som eit kulturhistorisk fenomen er det russiske standardspråket interessant fordi det er oppstått som ei samansmelting av austslaviske talespråk og kyrkjeslavisk, dei ortodokse slavarane sitt religiøse språk gjennom tusen år. Du treng ingen forkunnskapar for å begynne å studere russisk. Frå vårsemesteret 2008 vert det innført krav om at eksamen i alle emna på 100-nivå er ein føresetnad for å kunne studere på 200-nviået. Seksjon for russisk språk og litteratur tilbyr undervisning både på bachelornivå og på masternivå. Mastergradstudiet skil seg ut ved at det er ei spesialisering med hovudvekt på litteratur eller språk og stiller større krav til vitskapeleg tenking og arbeidsmåte. Den generelle målsetjinga for russisk-studiet er: - å øve opp den praktiske og aktive språkferdigheten til studentane, både skriftleg og munnleg. - å gje studentane kunnskapar om og innsikt i russisk språk og russisk litteratur, kultur og samfunnsforhold. Studentane skal samstundes øvast opp til ei sjølvstendig og reflekterande haldning til faget.

Studietilbod: sjå Studentportalen

 

Universitetet i Bergens emblem uglen Institutt for framandspråk, Universitetet i Bergen © 2007